Mange av dei grøne ville vekstane vi brukar til mat er det vi kallar «ugras». Dei har ofte eit dårleg rykte, og mange trur at mat av slikt er krisemat.
Anne Lise Tyssebotn Gjesdal presenterer ein del av dei beste viltveksande grønsakene våre, om tradisjonen for bruken, fortel om kva dei inneheld, kvar og når vi kan vente å finne dei. Ho kjem og med forslag om ulike måtar å bruka dei på.
Du får tips til supper, sausar, paiar og middagsrettar du kan laga. Dei fleste av plantane kjenner mange frå før, men tradisjonen og bruken av dei er ukjend for dei fleste.
Etter dette foredraget kan det hende at naturen får ein ny dimensjon, slik at kvar gong du rundar ein sving,
tenkjer du: «Kva er det her eg kan eta?»
Etter foredraget kan du bli med Fru Johnsen og Nyttevekstforeninga på sanketur!
Anne Lise er ein av nestorane i Nyttevekstforeningn Jærsoppen. Du kan treffe henne på Sanketorget når ho ikkje har foredrag.
Foredraget inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen i Hjelmeland 10. - 11. august.
Annonse