Skogens spisskammer - foredrag på Sankefestivalen (1222)

Annet

Dato
10. august kl. 11:15 - 12:15
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Annet, , Sankefestivalen, Nyttevekster, Høsting, Spiselig, Hausting
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1222
Dette arrangementet er over!

Gjennom sitt foredrag inviterar Anne Lise Tyssebotn Gjesdal i Vill Vekst oss med på ei reise gjennom hausteåret, slik det artar seg for ein sankar.

Me startar med sevjetapping i mars, tek for oss ein del av vårens ville grøne vekster, er innom svarthyllen og hylleblomstsaft, bjørkesevje, teplanter og krydderplanter, nokre ville bær blir presenterte, og så avsluttar vi med det hausten har å by på og korleis du kan laga deg ein god kopp vinterte.  Du vil òg få mange tips om korleis du tar vare på dei gode smakane slik at me kan nytte dei naturlege gode råvarene året rundt.

Anne Lise var i Hjelmland i vår og hadde kurs inkludert matlaging basert på ville vekster frå nærmiljøet.  Denne gongen har ho med seg eit rikt billedmateriale og ein enorm kunnskapsmengd. Etter foredraget er det mogleg å vera med fru Johnsen  for å lære meir om sopp og ta ein liten sanketur. Det er utruleg så mykje sunt og godt ein kan sanke inn frå små lufteturar i nærmiljøet. Lær deg nokre av plantene - å få eit spanande og rikhaldig spisskammers.

Anne Lise blir på Sanketorget saman med Nyttevekstforeningen Jærsoppen og fru Johnsen, og alle desse har stand med naturprodukter.  Der kan ein henta vidare inspirasjon og prøvesmake litt av kvart. 

Sted: Kommunestyresalen, rett ved Sanketorget i Hjelmelandsvågen
Tid: Kl. 11.15-12.15

Ingen påmelding. Foredraget er gratis.

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal har ein eigen nettside som heiter www.villvekst.no 

Foredraget inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen i Hjelmeland 10. - 11. august. 

 

 

Skogens spisskammer - foredrag på Sankefestivalen (1222)

Gjennom sitt foredrag inviterar Anne Lise Tyssebotn Gjesdal i Vill Vekst oss med på ei reise gjennom hausteåret, slik det artar seg for ein sankar. Me startar med sevjetapping i mars, ...

Kontaktinformasjon:

Annonse