Varden - nærtur på Jæren (1331)

Fellestur

Dato
25. november kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Nærtur, Utsikt, Historie, Hverdag
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1331

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.

Turen startar ved Fugleparken, like ved Lye stadion, som vart ferdig like etter år 2000. Her er det god parkering.Turen går i skogen langs fotballbanen og vidare til «Prestavegen». Namnet «Prestavegen» har si historie. Lye var prestegard i Time frå omlag 1330 til 1932. Prestavegen gjekk frå Lye over Åsen og Edland til Gjesdal, og var fram til 1837 rideveg for presten. I 1837 vart han utbetra til køyreveg. Prestavegen vart turveg i 2003.

Turen vidare går opp mot Varden (274 moh.). Her er det flott utsyn over store deler av Jæren.

Frå toppen går stien i terrenget og gjennom skogen mot bustadområdet og Monsanut barnehage og vidare ned gjennom treklyngene kjem vi tilbake til utgangspunktet ved Fugleparken. Då har me tilbakelagt nærare 6 km i kupert lende.

Oppmøte:
Parkeringsplass ved Lye idrettshall

Turleiar:
Anne Reidun Garpestad, mob 958 19 098

Ta med: 
Hodelykt

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

.

Varden - nærtur på Jæren (1331)

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren. Turen startar ved Fugleparken, like ved Lye stadion, som vart ferdig like etter år 2000. Her er det god parkering.Turen ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anne Reidun Garpestad