Avlyst Sandtangen-Re - ein nærtur på Bryne (1318)

Fellestur

Dato
29. april kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Rundtur, Nærtur, Naturlos, Tematur, Historie, Jæren, Vann
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening , Bryne vel
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1318
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. På bakgrunn av nasjonale tiltak og smittevernomsyn avlyser vi alle turer, kurs, møter og aktiviteter frem til og med 1.mai.

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren

Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia, det første byggjefeltet på Bryne (frå 1950). Turen fortset over Brynehaugen, forbi eitt av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda. På brua over Arne Garborgs veg får vi fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar. Turen går så forbi Bryne Mølle (frå 1929), handlesenteret M44 og vidare langs Roslandsåna, kor det fins både laks og sjøaure. Ein kjem så til Refeltet, ut på Grødalandsvegen og etterkvart Kringlemyra. Turen går no forbi Bryne ungdomsskule, ein runde i parken Geitahodne og ut igjen til Ole Tjøttas veg, oppkalla etter den dyktige, men ulukkelege målaren. På vegen vidare er vi innom Mølledammen, langs Bryneåna og tilbake til Sandtangen. Turen er 8 km.

Oppmøte:
Sandtangen, ved inngang/bru kl 17:30 

Turleiar:  
Sigvald Frøyland, mob. 975 10 305
Terje Haugland

Arrangør:
Jæren Turlag og Bryne Vel

Denne turen er ein av nærturane som går kvar anna onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

Sandtangen-Re - ein nærtur på Bryne (1318)

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Terje Haugland