Engelsvolllturen - nærtur i Klepp (1313)

Fellestur

Dato
12. februar kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Kveldstur, Rundtur, Jæren
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1313

Turen startar ved ved parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje.

På ein stor del av turen går vi langs Frøylandsvatnet. Vi kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. Theodor Dahl kalla Frøylandsvatnet for ”Jærens eigen Genesarets sjø”, men Torvald Tu sa det var ”Guds venleiksauge mellom Klepp og Time”. Ved Frøylandvatnet kan får vi kanhende auge på toppand, stokkand, sothøne og den flotte brunnakkeanda.

Ei tid hadde Kverneland Fabrikk to båtar på vatnet, den eine frakta post og passasjerar, den andre plogar og anna dei produserte til kaien på Klepp stasjon.

Vi kjem også til Engelsvågen og Steintangen, to husmannsplasser ved vatnet.

På turen går vi og gjennom byggefelt og industriområde på Orstad og Frøyland

  • Oppmøte 
    Parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje kl 17.30
     
  • Turleiar
    Siri B. Reinertsen, mob.  91157629
     
  • Ta med
    Hodelykt

Engelsvollturen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal.

Engelsvolllturen - nærtur i Klepp (1313)

Turen startar ved ved parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje. På ein stor del av turen går vi langs Frøylandsvatnet. Vi kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Siri Berland Reinertsen