Frå fjell til fjord - Frå Hedlebrekk, Gullingen til Falkås, Erfjord

Fellestur

Dato
1. september kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Suldal Turlag, Stavanger Turistforening
Turkode
1415
Dette arrangementet er over!

 

Me snur den opprinnelige turen og går frå Hedlebrekk, Gullingen til Falkås, Erfjord, søndag 01.09.2018. Oppmøte på parkeringsplassen på Hedlebrekk, Gullingen kl. 09 00. Me går gjennom Frøkjedalen, til Natlandsstølen, Erøystølen, Fiskelaugsvatnet, Kleppsnuten, Åsstølen, Kleppsvatnet og ned til Falkås.

Fint og varierande turterreng, men litt stigning nokre stader.  Nydeleg utsikt frå Kleppsnuten. Frå Kleppsnuten og ned til Falkås er det litt bratt ned. Turen kan evt. kortast ned for dei som ønskjer. Ein kan gå ned til Treet, vegen til Liastøl der me kan ha bil ståande. (6-7 timar)

Me satsar på me kan organisera oss med privatbilar i begge endar. Fint om dei som har bil kan vera med på køyring. Set av heile dagen, det er ein lengre og litt krevjande tur. Om lag 9 timar.

Ta med gode fjellsko, (litt våte parti og litt utanom sti) kler etter veret, godt med mat og drikke.

Atterhald om veret.

Ta kontakt med Audhild Leirvik, 48 25 85 90 ved spørsmål om turen og organisering av køyring.

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Audhild Leirvik
  • Odd Jostein Aas

Annonse