Kveldstur til Knuten - Hjelmelansvågen (1204)

Fellestur

Dato
17. september kl. 18:00 - 20:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjordutsikt, Kulturlandskap, Nærmiljø
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1204
Dette arrangementet er over!

Koseleg tur i nærmiljøet til flott utsiktspunkt.

Oppmøte i Hjelmelandsvågen v/Vågastovå kl 18.00. Åsmund Sirevåg og Endre Nordbø er med som lokalkjente. Turen går opp forbi Sæbø-gardane og gjennom beite-og landbrukslandskap på ein fin landbruksveg. Me svingar av frå landbruksvegen og bratt opp nymerka sti til Breiatonå, deretter opp Vonneveien til Strenjatonå. OBS: her er det bratt ! Strenjatonå er eit markant, flott utsiktspunkt ned mot Vågen og utover Ombofjorden. Her har me felles rastepause med medbrakt niste. Vidare går turen inn Grasdalen mot Knuten. Deretter ned stien og landbruksvegen til Flåtene. Frå Flåtene føl me landbruksvegen mot nok eit flott utsiktspunkt: Leite, der me har ein liten stopp. Vidare nedover langs frukthagane på Sæbø, ned via Nordbygda til sjøen og retur Vågen. Rundtur ca 2,5 timar inkl pausen.

Turen er kort, men det er eit parti ved Strenjatonå som er bratt/ulendt.

Oppmøte i Hjelmelandsvågen v/Vågastovå kl 18.00.

Turleiar: Siv Iren Moen Hausken
Åsmund Sirevåg og Endre Nordbø er med som lokalkjente. 

Kveldstur til Knuten - Hjelmelansvågen (1204)

Koseleg tur i nærmiljøet til flott utsiktspunkt. Oppmøte i Hjelmelandsvågen v/Vågastovå kl 18.00. Åsmund Sirevåg og Endre Nordbø er med som lokalkjente. Turen går opp forbi Sæbø-gardane og gjennom beite-og ...

Kontaktinformasjon:

Annonse