Foss-safari i Årdal (1209)

Fellestur

Dato
4. juni kl. 17:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fossar, Dallandskap, Rykanfossen
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1209
Dette arrangementet er over!

Ettermiddag-/kveldstur, der me går til 4 flotte fossar i Årdal.

Kjør nesten til Åse i Årdal, stopp ca ved Rykanfossen, litt før du kjem til Åse. Det er praktisk om fleire køyrer saman, det er både sosialt og miljøvennleg, og ein treng ikkje så mange parkeringsplasser.
Oppmøte kl 17.00.
Dersom du kjem frå RV13, så tek du av i Tveitekrysset der det er skilt til Nes og Songesand og føl Fylkesveg 661 til fjells. Køyr eit par km frå RV13, og det er skilt til høgre til Songesand. Så køyrer du oppover mot Lyngsheia og Songesand, forbi Norsk Folkehjelp Strand si hytte, over ei lang slette, og etter å ha kryssa ei bru over ei elv, tek du til venstre på vegen mot Åse. Følg vegen til du kjem ca ved Rykanfossen, der vil du nok møte ein kjentmann og evt andre som viser kvar du kan parkere.

Ruta blir sannsynelgvis slik; startar med Rykanfossen, opp mot Hidlekleiv, ned til brua over Hedlestølåna på stien som går mellom Nes og Viglesdal, kanskje innom Hiabolten som ligg ved Myrstøl, litt innom Granefossen. Deretter tilbake til Hiafossen og Sendingsfossen. Ein går frå Rygg som ligg på turistløypa, og opp til Selflåt. På Selflåt er her også kode i Hjelmeland kommune si Kodejakt 2019. Deretter går ein opp forbi Åse og tilbake til bilane ved Rykanfossen.

Turen tek 3-4 timar.
Lokalkjent er Magne Leirflåt.

Foss-safari i Årdal (1209)

Ettermiddag-/kveldstur, der me går til 4 flotte fossar i Årdal. Kjør nesten til Åse i Årdal, stopp ca ved Rykanfossen, litt før du kjem til Åse. Det er praktisk om ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Gunnulf Sande

Annonse