Bli med i konkurransen på Sankefestivalen: Det beste syltetøyet (1223)

Arrangement

Dato
4. august kl. 13:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer, Fjellsportinteresserte, Funksjonshemmede
Turtyper
Arrangement, Festival, Kortreist, Mat, Lokalmat, Konkurranse
Arrangører
Stavanger Turistforening, Hjelmeland Turlag
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1223
Dette arrangementet er over!

Det er ikkje berre mormor som kan lage godt syltetøy, men gjer ho det så spør om ho ikkje vil vere med i konkurransen om beste heimelaga syltetøy på Sankefestivalen.

Vi veit at det ikkje blir enkelt å vere dommar når det kjem til syltetøy. Skal det vere mykje eller lite sukker? Ein eller fleire sortar bær, frukt eller kan hende tomater? Med eller utan krydder?

Kokken Arve er med i juryen, saman med Aud Meling og Jorunn Egeland. Dei finn nok ein vinnar.

Reglar for konkurransen:
Beste smak og best presentasjon

Kven kan delta?
Alle

Innlevering av syltetøyet:
På torget på Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen Laurdag kl 13.00

Trekking av vinnaren:
På torget på Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen laurdag kl 15.00

Ansvarleg:
Svanhild Hjorteland Gbada

Konkurransen er ein del av eit stor program på Sankefestivalen 4-5. august. Sjå heile programmet for Sankefestivalen. 

Bli med i konkurransen på Sankefestivalen: Det beste syltetøyet (1223)

Det er ikkje berre mormor som kan lage godt syltetøy, men gjer ho det så spør om ho ikkje vil vere med i konkurransen om beste heimelaga syltetøy på Sankefestivalen. ...

Kontaktinformasjon:

  • Svanhild Hjorteland Gbada

Annonse