Visste du at "ugras" òg kan vere verdifulle medisinplante, og kan vere god å ha når vinterforkjølinga set inn? Eller vil du ha tips til planter du kan leggje på såret for at det skal gro bedre? Det er ingen tilfeldigheit at akkurat den planta heiter groblad, medan ei anna heiter legevendelrot. Og visste du at mange av våre vanlege ville planter i grøftekanter og skogholt er smakfulle og næringsrike matplanter?
Kristine Enger er sanke-entusiast, og levande oppteken av etnobotanikk, eller folkemedisin som me kaller det. Ho har ein eigen blogg som heiter Sankeliv. Ho har stor kunnskap om planter som er kjendt fra folkemedisinen og planter som er gode til mat, når de blir tilberedt rett. Me lovar eit spanande kurs på Sankefestivalen, og mottar alle mulige spørsmål du måtte ha om temaet.
Foredraget inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen 2022.